av Sverre Helge Bolstad sist endret 2016-09-17T01:18:04+01:00
Informasjon om opphavsrett for materiale i prosjektet "Øklands trykksaker"
Man lærer så lenge man leserÅndsverklova verner alle verk mot mangfaldiggjering i 70 år etter at opphavspersonen døydde. Men er ein pakkelapp eit åndsverk? Er det problematisk å digitalisere og gjere tilgjengeleg reklamemateriell som i utgangspunktet er laga for å verte spreidd? Som bruksgjenstandar er sjangeren å rekne som sjølvdestruerande (ephemera) og mykje av materialet vil gå tapt for ettertida utan digitalisering. I prosjektet “Øklands trykksaker” har vi jobba tett med nettopp disse spørsmåla.

Manglande rettsleg presedens, komplisert regelverk, nye teknologiar og avgrensa juridisk kompetanse i institusjonane har skapt uvisse rundt kva som eigentlig er tillate. Difor har mange institusjonar tolka lovverket svært defensivt. Sett i forhold til biblioteket sitt samfunnsoppdrag og klare politiske føringar innan digitalisering og tilgjengelegjering er dette problematisk. Økland-prosjektet er eit pilotprosjekt, og me utforsker gråsoner i feltet. Så vidt me veit har råderettsspørsmål ved tilgjengeliggjering av kulturhistorisk materiale av denne typen aldri vore prøvd for norsk rett. Me publiserer materiale no, men trekkjer det sjølvsagt attende dersom nokon finn feil i vår praksis.

Publiseringa av materiale frå Einar Øklands trykksakssamling er diskutert med både Nasjonalbiblioteket og Kopinor, men diskusjonane har ikkje gjeve klare retningslinjer for vår publisering.

I dei tilfella der det har vore naudsynt, har me anonymisert personar som har eigd eller sendt/ motteke trykksakene, til dømes har me sladda signaturar på festtelegramma.

Totalt er det digitalisert ca. 1060 objekt, ca. 300 av dei har me fått direkte løyve til å bruke (herunder festtelegram), eller dei har falle i det fri (det er meir enn 70 år sidan opphavsmannen døydde). Mange av disse objekta er “grått” materiale (dvs. uten opphavsperson og/eller utgivar). Materiale som har falle i det fri har me gjeve lisensen Creative Commons Navngivelse 3.0 Norge. For illustrert materiale frå 1930 og seinare har me kontakta BONO (Billedkunst Opphavsrett i Norge) som har bedt biblioteket ta inn følgjande informasjonstekst på nettstaden og flickr-konto, og som me har merka deretter:

“Illustrasjoner er beskyttet iht. Lov om opphavsrett til åndsverk av 1961. Utover privat bruk er gjengivelse/reproduksjon av vernede illustrasjoner ikke tillatt uten etter avtale med rettighetshaver v/BONO.” 

Slik biblioteket ser det har berre eit fåtall av objekta i samlingane såkalla verkshøgde (som mellom anna inneber særleg kunstnarisk eigenart og originalitet) og difor vern etter åndsverklova. Resten av objekta er evt. verna av økonomiske rettar knytte til utgivar eller merkevare. Biblioteket ser ikkje at vi krenker økomomiske rettar sidan objekta ikkje lenger er i kommersiell sirkulasjon og dagens samlarar berre handlar i originalar. 

Prosjektet “Øklands trykksaker” handlar om å løfte opp fortidas synlege folkekultur. Biblioteket jobbar ikkje-kommersielt og søkjer å bevare og spreie kunnskap om truga kulturuttrykk. Me ynskjer å formidle samlar-kulturen og historia rundt trykksakene. Å vise fram sjølve trykka er naudsynt sidan dei både er samlingas objekt og univers. Det var folks interesse og kvardagslege glede som gjorde at nissepakkelappen ikkje hamna i bosset med resten av innpakkingspapiret på julaftan. Biblioteket ønsker med dette prosjektet at pakkelappane, glansbilda, festtelegramma og samlemerka kan sjåast, og verte tekne vare på, sjølv om dei som oftast havna i bosset etter bruk. 

Tekstane i prosjektet er i hovudsak skrive av Siri Økland og er gjeve ut med Creative Commons "Navngivelse-Ikkekommersiell-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge" lisens. 

Kommenter gjerne valet vårt i kommentarfeltet under eller send oss ein mail på post@bergenbibliotek.no