- https://bergenbibliotek.no/arrangement/folkemusikkens-kveld-lanseringskonsert-med-bankvelv
- Folkemusikkens kveld: Lanseringskonsert med Bankvelv
- 2025-04-02T18:00:00+02:00
- 2025-04-02T18:45:00+02:00
- Bankvelv presenterer debutplata si på biblioteket.
Onsdag 2. april kl 18.00 blir det lanseringskonsert med Bankvelv på Folkemusikkens Kveld på biblioteket!
Den sjølvtitulerte debutplata kjem digitalt den 11. april på NYE NOR, så dette blir ein finfin smakebete.
Bankvelv består av Heidi Kvelvane og Symre Taugbøl Bang og dei spelar springar og rull frå Voss, Hardanger og Sogn. Dei har lært alle slåttane i meistertradisjon på hardingfele og akkordion fyrst, før dei har overført og arrangert for saxofon og gitar. Resultatet er leikne improvisasjonar i hendene, med den originale danseslåtten i hovudet. På konserter presenterer dei begge variantar, noko som gjer konserten interessant for folkemusikk-nerder, jazz-entusiaster og alle andre musikkglade!
Medvirkande:
Heidi Kvelvane - Akkordion og saksofon
Symre Taugbøl Bang - Hardingfele og gitar
Gratis inngang.