Hopp til hovedinnhold
av admin sist endret 2022-11-16T11:42:59+01:00
Den 9.oktober 2003 sendte biblioteket ut en serie spørsmål til forfattere tilknyttet vestlandet. Spørsmålene er gjengitt i kortform.
Korleis ser arbeidsdagen din ut?

Eg forsøker å skrive kvar dag. Å gjøre det til ein vanlig arbeidsdag. Gå på kontoret, slå på maskina, skrive, ete lunsj, drikke ein kopp kaffi, skrive litt til. Gå heim. Taska under armen. Nistematen ete opp. Som ein vanlig mann.

Kva er bakgrunnen din?

Eg tok til å skrive då eg flytta til Bergen for å studere. Eg gjorde jo alt anna enn å studere. Mellom anna skreiv eg. Det var kjekkare å skrive enn å studere. Og eg tenkte vel at eg var flinkare til å skrive enn å studere. Så derfor heldt eg fram med å skrive når eg slutta å studere. Eg veit i grunnen ikkje kvifor eg studerte. Kanskje var det for å skrive?

Kva litterær tradisjon eller familie føler du deg i slekt med?

Eg trur forfattarar i dag skriver i ein dialog med det som har vore skrive og det som blir skrive i samtida. Eg tenker i alle fall på det slik. At ein har eit sett av bøker og forfattarar som ein set pris på, og som ein vil bryne seg mot, skrive opp mot, skrive gjennom og ut av. Finne sine eigne tekstar gjennom å utforske dei tekstane som ein gjerne har sett opp til og som har opna litteraturen for ein sjølv. Men etter kvart blir jo dette også så mange, at det gir mindre meining å peike på ein bestemt tradisjon eller ein bestemt stil. Eg har lese mykje amerikansk litteratur, men også irsk, engelsk, skotsk og japansk. Og så var det veldig viktig å lese Kjartan Fløgstad, Ragnar Hovland, Jon Fosse i unge år. Nokon som skreiv ut frå tid og stad som var gjenkjennelig. Det same var det å oppdage tekstane til Bruce Springsteen og Bob Dylan. Van Morrison og Joni Mitchell. Og så kom pønken!

Kva er det som driv deg til å skrive?

Å skrive er i seg sjølv meiningsfylt. Å forme setningar, å smi ord, å kviskre ein kladd. Det viktigaste er å gjøre det, å halde på. Sitje der og tenke og skrive og reflektere. Alt som kjem etterpå, kunne ein sikkert ha greidd seg godt utan.

Kan du fortelja om nokon store skriveopplevingar?

Å skrive Bikubesong var ein fire år lang rus. Det var som å ruse seg foran datamaskina kvar dag. Setje seg ned og skrive og bli rusa. Alt bare trilla og surra og rulla avgarde.

Korleis stiller du deg til begrepa ”biografi” og ”minne” i eige skriving?
Oj, vanskelig. For stort spørsmål. Burde sikkert skrive ei bok om det? Eg er gjerne ein som helst bare gjør det, ein som skriver og som ikkje bruker så mykje refleksjon i skrivinga. Eg skriver med kroppen og blodpumpa. Men eg ser jo at ein når det kjem til stykket, når det er oppgjør i OK Corral, så skriver ein sitt eige liv. Likevel: biografien er alltid underordna, det er verket som tel, og eg hatar biografiar, kva er vitsen? Biografane skal skytast ved morgongry.