Hopp til hovedinnhold
av admin sist endret 2022-11-16T12:46:42+02:00
Den 9.oktober 2003 sendte biblioteket ut en serie spørsmål til forfattere tilknyttet vestlandet. Spørsmålene er gjengitt i kortform.
Korleis ser arbeidsdagen din ut?

Når eg må, kan eg jobbe kva tid og stad som helst, berre ikkje om natta. Eg er A-menneske, vaknar alltid tidleg, som oftast opplagt og i godt humør. For å få fred og sleppe unna trivielle plikter, reiser eg stundom vekk, gjerne til eit hotell i ein storby, og skriv intenst. Men for det meste skriv eg heime. Ein typisk (og ideell) arbeidsdag byrjar med frukost, går over i skriving som varer til lunchtid og endar med kaffi og noko søtt. Etterpå kjem ei økt med heilt anna skriving eller lesing. Eg har alltid hatt platespelaren på medan eg skriv. Musikk har støtt vore ikring meg. Men det hender eg har vore så oppslukt at eg har gløymt å setje på ei ny plate. Brått har det gått tre-fire timar og eg har ikkje merka noko. Eg reknar berre skriving av ny tekst som produktivt arbeid. Alt anna er forstyrringar eller trivielle plikter som ein må overvinne for å overleve.(Matlaging, handling, reising, reinhald, barnestell, pengeinnbringande verksemd, sosial omgang.) Eg brukar seie at eigentleg er eg berre forfattar ei veke pr. år, resten av tida går med til tull. Omlag alt eg har laga har har blitt skrive i den lyse tid på dagen i den mørke tid av året.

Kva er bakgrunnen din?

Fødd i 1940, som (einaste) barn av fattige foreldre i eit utkantstrok av Vest-Norge, kom eg i kontakt med litteraturen og dei andre kunstartene midt i 1940-åra. Folkeleg kultur, ikkje minst munnleg, var støtt eit sterkt innslag. Men eg var også ein tidleg og ekspansiv lesar. Frå eg var sju år byrja eg lese bøker, og etterkvart las eg det meste som var tilgjengeleg i min del av bygda: Ei mengd trivielle og dårlege underhaldningsbøker blanda med ein del tyngre romanar - og sjølvsagt bøker om krigen.

Attåt dette var det kulturinnslaga i skulen og kyrkja som festa seg. Eg såg alle filmar som blei viste der eg var, dersom eg ikkje fekk trøbbel med aldersgrensa, og alt som barn høyrde eg svært mykje på radio (serleg AFN, Munich og BBC, Langbølgen - men tilsvarande lite på NRK). Sidan eg var naturvitskapleg orientert og spesielt opptatt av fuglar og fiskar, las eg den litteratur eg kunne oppdrive om slike emne. Eg reknar i ettertid alt dette som sterke litterære inntrykk eller inspirasjonar. Etter denne kontakten i folkeskuleåra opplevde eg ein heilt ny

kulturkontakt då eg som oppriven tenåring oppdaga lyrikken og kunstlitteraturen og blei en forgapt lesar av alt slikt.

Litteraturen var ein stad å vere. Det synte seg etter kvart at det var ingen annan stad eg passa inn. Slik sett var skrivinga ei privat løysing på eit personleg sosialt problem.

Kva litterær tradisjon eller familie føler du deg i slekt med?

Eg kan kanskje seiast å høyre til Wergeland-tradisjonen, om den finst. Han var teolog, eg er psykolog, ingen av oss har i særleg grad dyrka våre kall, men begge har vi vore aktive som amatørar på mange område og i mange retningar.

På eit anna vis reknar eg meg i slekt med Ekelöf og Martinson, den første med si blanding av lærdom og subjektiv einsemd og sterk tradisjonskjensle, den andre med si naturforståing, si innleving og si finstilte og veldige tidskjensle. Eg reknar meg som poet og røyst og kallar meg ofte for tradisjonalist.

Kva er det som driv deg til å skrive?

Det som verkeleg driv meg til å skrive, er ei uro og ei rastløyse - og utsiktene til å kunne forme ein tekst som kan gi fred. Noko kjennest ugjort og ei avslutta form lokkar. Dette er vel berre andre ord for vanleg «arbeidsglede». Det er ikkje vondt å skrive, derimot er det stundom vondt å ikkje få til å skrive.

Men på ide- eller innhaldssida? Uråd å vite sjølv. Eg skriv ikkje bøker for å spreide bodskapar, idear o.l. Denslags kan ein drive meir effektivt med på andre måtar og i andre media. Det er nok meir enn eitt motiv som ligg attom. Kontaktsøking. Oppdagarglede. Trong til å vere åleine. Forfengeleg sjølvkjensle.

Kan du fortelja om nokon store skriveopplevingar?

Fleire av bøkene mine har eg skrive nærast «mediumistisk», altså spontant og utan medviten planleggjing o.l. Dei har blitt til på kort tid - ei til to veker - og har blitt nedteikna som i ein rus, som om tida stod still. Slik «flow» er vidunderleg, reint subjektivt, og somme av desse bøkene (Amatør-album, Sikk-sakk, Snakk med dr. Ost, Her er ingen papegøye) er eg framleis nøgd med. Det er greitt å ikkje vite kvifor eller korleis dei blei til. For min eigen del reknar eg med at det har skjedd ei psykisk «oppdemming» eller førebuing i forkant av skrivinga, pluss at eg har mine viktigaste styringsmekanismar så godt integrert at eg ikkje har noko å vinne på refleksjon og høgt medvit. Somme av artiklane mine er blitt til på same vis.

Men omvendt, mange av artiklane og diktbøkene mine har eg skrive fleire ulike versjonar av. Etter slik elting og utprøving, ofte over lang tid (fleire år) og med mykje slitsam spekulering og omattlesing, har det hendt at ei løysing brått kom i sikte. Om dette skal kallast eit tregt arbeidsresultat eller berre forseinka spontanisme, skal vere usagt. Å kjenne seg ferdig med ein tekst, slik at ein kan seie til seg sjølv "nå er eg ferdig, dette er bra", det er støtt ei stor skriveoppleving.

Korleis stiller du deg til begrepa ”biografi” og ”minne” i eige skriving?

Alt eg skriv spring ut frå det som i mi tyding må kallast «minne». Noko ein ber eller har bore i hugen. Samstundes er skrivinga noko ein gjer, ei sosial handling, altså noko som ikkje har vore til før. Men hugen eksisterer ikkje i seg sjølv, den er aldri tom, i verste fall er det ei tomhetskjensle der. Hugen er knytt til sine minne, forma av sitt innhald og plasseringa av dette.

Sjølv om eg som skribent helst har halde meg til den vesle forma, har eg ei storform som eg skriv innanfor, det er just «biografien». I ei viss tyding har eg skrive heile livet på min «biographia literaria», ikkje på noko anna. Alt eg har skrive er ein del av denne heilskapen.

Livsskildringar i bokform, såkalla biografiar, er noko heilt anna. Eg bryr meg lite om dei og krev ikkje at dei skal vere komplette eller pålitelege. Eg veit dei fleste kan ha sine veike sider og eg plukkar ut det eg tykkjer er brukbart eller minneverdig på gribbars frie grunnlag. Ein del gonger har eg vore oppmoda om å skrive biografiar. Til denne tid har eg avvist tanken. Eg må først bli ferdig med den eg held på med.