Hopp til hovedinnhold
av admin sist endret 2022-11-16T11:51:07+01:00
Den 9.oktober 2003 sendte biblioteket ut en serie spørsmål til forfattere tilknyttet vestlandet. Spørsmålene er gjengitt i kortform.

Korleis ser arbeidsdagen din ut?

Eg arbeider som universitetsstipendiat ved engelsk institutt i Bergen. Arbeidsdagane mine ser svært ulike ut, av og til er dei veldig lange, andre gonger kortare. Arbeidet er prega av ei kjensle av grenselaus fridom kombinert med ei kjensle av angstframkallande ansvar; ein er mykje overlatt til seg sjølv, og bestemmer når og i kva rekkjefølgje ein vil gjere det ein skal, eller trur ein skal. Privilegiet er at eg får setje av tid til å skrive når det kjennest rett. Difor skriv eg av og til om morgonen, av og til midt på dagen, nokre gonger om kvelden, og frå tid til anna om natta.

Kva er bakgrunnen din?

Oppvekst i eit lite bygdesamfunn på Sunnmøre med ei mor som leste til meg heile tida. Ein dag sa eg til ho at eg skulle skrive ei bok sjøl når eg vart vaksen. Eg reiste til Bergen for å studere og eg har ikkje kome meg herifrå. Studerte litteratur, fekk eit forskingsopphald i USA, fekk stipend på universitetet. Mykje lesing, med andre ord, og etter kvart mykje skriving: det eine har heile tida ført til det andre, sjøl om lesinga sjølsagt kom først. Eg utveksla(r) tekstar med venner. Etter nokre år hadde eg ein dag ei bok. No vil eg gjerne skrive ei til.

Kva litterær tradisjon eller familie føler du deg i slekt med?

Ingen særskilt tradisjon, nei. Eg kjenner meg nokså vestlandsk, så ein del av galskapen og sentimentaliteten derfrå har ein sterk resonans. Eg har henta mykje frå amerikanske forfattarar, levande såvel som døde, sidan eg har lese dei mykje i studietida, og les dei mykje no som forskar. Ingen nemnt, ingen gløymt. Og så har eg jo nokre norske favorittar som eg stadig vender tilbake til. Desse har vore inspirerande. Elles hentar eg mykje frå augeblikka i musikken og i filmane òg. Men om det er tale om "familie" er det nok heller andre som skriv rundt meg, og som eg kan snakke om tekstar med. I så måte finst det både onklar, tanter, bestemødre og bestefedre, brødre og søstre og alt mogleg der ute. Det er fruktbart å ha fleire der. Det er jo ikkje alltid onkel er samd med bestemor.

Kva er det som driv deg til å skrive?

Eg gløymer alt rundt meg når eg skriv. Det er ei kjensle eg saknar om eg er for lenge borte frå ho. Det er noko eg treng å gjere. Etter å ha gitt ut ei bok har møta med lesarar vore sterke opplevingar. Nokre har sagt til meg at det eg skreiv sa dei noko. Noko viktig. Det har gitt skrivinga ein ny dimensjon for meg.

Kan du fortelja om nokon store skriveopplevingar?

Det må vere nokre netter i påsken 2001. Då byrja arbeidet med det som skulle verte debutromanen min å gli for alvor. Eg hadde skrive i nokre år allereie, men merka at noko var annleis, det eg skreiv var på ein måte mitt eige. Då vart det vanskeleg å stoppe opp. Mykje av det eg skreiv då ende opp i boka.

Korleis stiller du deg til begrepa ”biografi” og ”minne” i eige skriving?

Alt ein skriv er ein del av ein sjøl, men ikkje på den mest openberre måten. Eg har vorte overraska over at detaljar i det eg skriv stammar frå mitt eige liv, men at andre må minne meg på det. Omgrepet "minne" har ein så overveldande resonans i menneska sine liv at det er naturleg å reflektere over det i skrift. Her hentar ein erfaringar frå korleis ein sjølv og dei som lever rundt ein ber på minne i liva sine. Og så sit ein der og tenkjer
seg korleis det kunne ha vore.