Einar Øklands trykksaker

Gjennom 40 år har Einar Økland bygd opp svært spesielle samlingar av trykksaker innanfor populærkultur, barnekultur, bruksgrafikk og trivialkunst. Biblioteket har digitalisert delar av samlinga, og ønskjer formidla Øklands unike og vidtfemnande kunnskapar om dei kulturhistorisk verdifulle objekta.
Samlaren ØklandSamlaren Einar Økland

I grunnen er ikkje Einar Økland ein samlar. Han er ein finnar. Det er jakta på kunnskap og endå meir kunnskap om norske illustratørar, kunstnarar og norsk bokkunst som får han til leita. Denne samlinga viser ein del av det han har funne.



Les om samlaren Einar Økland

bokmerke_velkommenBOKMERKE (179)

Ein kvar som har lese ei bok har kjent behovet for å markera kor langt ein er komen når ein må avbryta lesinga. Alt som kan smettast inn mellom to boksider kan gjera nytta, men parallelt med dei mange ad hoc-løysingane folk har funne hjelp i, finst det ein heil tradisjon for heimelaga og industriproduserte bokmerke.




Les om bokmerke

okland_a-pressenBREVMERKE (153)

Brevmerket med sine taggete kantar liknar mykje på frimerket i storleik og utforming, men har ingen postal verdi. Det er laga på privat initiativ for å skapa merksemd om utgivaren, og har ein reklamerande, informerande og somme tider veldedig funksjon. Det vesle dekorative merket hadde si glanstid i åra før første verdskrigen.



Les om brevmerke

ExLibris Egil StorsteinEKSLIBRIS (170)

Den gongen bøker hadde høgare verdi og var vanskelegare å få tak i enn i dag, var det viktig å markera eigarskap til dei. Ein dekorativ måte å gjera dette på, var å skaffa seg eit ekslibris. Denne illustrerte etiketten med namnet til eigaren på, blei limt inn framme i boka.


Les om ekslibris

Festtelegram bildeFESTTELEGRAM (48)

Festtelegrammet, som var illustrert og dyrare i pris, blei sendt gjennom det offentlege telegrafvesenet for å ønskja nokon til lykke ved ein stor dag. Tydelegare kunne det ikkje gjerast, om du skulle visa at du sette pris på dei.



Les om festtelegram

GlansbildeGLANSBILDE (56)

Då glansbilda kom på marknaden for dryge 150 år sidan, var fascinasjonen stor for dei blanke, fargerike bilda med det vakre og idylliske uttrykket. Folk var raske til å ta dei i bruk, både til dekor, samling og innliming i album.

Les om glansbilde

okland_in_bergensrevyenILLUSTRERTE NOTEARK (134)

Notetrykket blir brukt av alle som speler musikk, både profesjonelle og amatørar. Fram til midten av førre hundreåret – så lenge levande framføring dominerte folks tilgang på musikk – hadde notetrykket ei langt større utbreiing enn i dag. Skulle ein melodi nå ut, måtte notane distribuerast.




Les om Illustrerte noteark

Norvegiana Kong HaakonNORVEGIANA (94)

I førre hundreåret var det vanleg at større firma laga små trykksaker som blei gitt gratis til kundar og andre kontaktar. Desse trykksakene kombinerte ofte eigenreklame med ein illustrasjon og ein informativ tekst om ulike historiske hendingar, kulturpersonar eller geografi. «Norvegiana» kallar ein dei som handlar om Norge og norske forhold.


Les om norvegiana

PakkelappPAKKELAPPAR (90)

Til-og-frå-lappen har same funksjon i dag som då den ein gong blei tatt i bruk. Den har aldri vore særleg påakta etter at julekvelden var over – av forståelege grunnar har gåveinnhaldet fått større merksemd enn innpakninga.



Les om pakkelappar

Samlekort, Harald WeldeSAMLEKORT (110)

I byrjinga av førre hundreåret blei det vanleg at større firma gav bort små bildekort som kunne grupperast i seriar etter emne, f.eks. eventyr, fiskeslag eller idrettsheltar. Korta inviterte til samling, men reklamerte samstundes for produktet dei følgde.



Les om samlekort

Scrapbook_bildeUTKLIPPSBØKER (29)

Ei utklippsbok – eller «scrap book» – er ei slags minnebok som eigaren har fylt med bilde, papirklipp eller små gjenstandar som betyr noko spesielt for han. Desse frodige private bildebøkene er kvar og ei unike, og står som tidsvitne frå ei lang rekke historiske og tematiske felt.


Les om utklippsbøker
Publisert 27.02.2013, sist endret 27.02.2013 - 15:41
Side-alternativer

© Copyright: Illustrasjonar er beskytta iht. Lov om opphavsrett til åndsverk av 1961. Utover privat bruk er gjengivelse/reproduksjon av verna illustrasjonar ikkje tillatt utan etter avtale med rettighetshaver v/BONO. Kontakt BONO (Billedkunst Opphavsrett i Norge) for rettighetsklarering: www.bono.no. For tekst på sida gjeld følgande lisens: Navngivelse-Ikkekommersiell-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge (CC BY-NC-SA 3.0).Illustrasjoner og bilder på sida ligg i Einar Øklands private samling og er digitalisert av Bergen 0ffentlige Bibliotek.